Bli med heim til felemakaren

Huset til felemakaren Lars Hoem, som Edvard Hoem skriv om i boka si, står der den dag i dag. No kan du bli med til Smedvika på Nordlandet og sjå og høyre meir om denne fantastiske historia!

 Felemakaren - Klikk for stort bilde Paal Audestad  

 
I den siste boka si, Felemakaren, har Edvard Hoem gjort levande den innhaldsrike livshistoria til Lars Hoem. Bondesonen frå Romsdal som etter ei dramatisk ungdomstid på byrjinga av 1800-talet vart gift med Gunhild frå Todalen, og busette seg i Smedvika på Nordlandet i Kristiansund.

Søndag 27. juni inviterer Kristiansund bibliotek i samarbeid med Nordmøre museum og kulturavdelinga i Kristiansund kommune, til samling i Smedvika. Lars Hoem lærte seg felemakarhandverket da han som ung mann var krigsfange i England, og laga omlag 500 fiolinar etter at han busette seg i Kristiansund. Men verksemda gav ikkje alltid nok utkome til å brødfø den store familien. Kona Gunhild måtte ta seg arbeid på berga på Remlan medan dei sju døtrene deira passa kvarandre etter som dei vaks til. Huset der familien budde står der den dag i dag, og dei som har eigedomen inviterer til ope hus og hage denne dagen. Her vil vi sjølvsagt få høyre Edvard Hoem fortelje om lagnaden til Lars Hoem, medan Odd Williamsen frå museet vil kåsere om livet på klippfiskberga. I tillegg vil Ole Kristian Gundersen spele fiolin.

Bli med til Smedvika og få med deg denne fantastiske historia på den plassen der det heile gjekk føre seg for to hundre år sidan! Før og etter arrangementet bli det mogleg å komme inn i Hoemstua, og det blir og høve til å sjå ei av felene som Lars Hoem laga, som Nordmøre museum eig.

 

Stad: Omagata 12 A, Kristiansund
Tid: Søndag 27. juni frå kl. 15.30, foredraga startar kl. 16.

 

Arrangementet blir utandørs, i hagen og ned mot sjøen i Smedvika. Det er ikkje sitteplassar, ha med pledd eller sitteunderlag til å sitte på plena, og hald god avstand. Det blir ikkje servering/sal av mat og drikke, men ta gjerne med sjølv. Det er lite parkering i nærområdet, men ein kan parkere ved Nordlandet barneskole. Dersom det blir dårleg ver vil arrangementet kunne bli flytta innomhus på kort varsel.

 

Arrangementet er gratis, men ein må registrere seg og hente ut billett på førehand:
Finn billetter
(eller ta kontakt med biblioteket).

 

NB! Smittevernregler må følges!

  • ​​​Er du syk med luftveissymptomer kan du ikke komme.
  • Alle må bruke hånddesinfeksjon når de kommer.
  • Det må være minst en meter mellom alle som ikke er medlemmer av samme husstand, og man kan ikke bytte plass når man først har satt seg.
  • Alle som er til stede må oppgi navn og mobilnummer (dette er gjort når billett er bestilt på Hoopla).

Hoemstua - Klikk for stort bilde