Yt etter evne, få etter behov - samtalearrangement med Olaug Nilssen og Synnøve Haga

Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer? 

   

Kristiansund bibliotek
Mandag 15. mars kl. 19

Finn billetter

 

Olaug Nilssen vann nyleg P2-lyttarane sin romanpris og vart også nominert til Brageprisen i fjor. Synnøve Haga er journalist og kunstnarisk rådgivar i Bjørnsonfestivalen.

I romanen «Yt etter evne, få etter behov» får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.  

Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finnes det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

 

Arrangementet er ein del av prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal og er gratis for publikum.
Billetter må hentes ut på forhånd, klikk på Finn billetter over for å hente billetter i webshopen vår, eller kontakt biblioteket.

 

NB! Smittevernreglene gjør at det er plass til færre enn vanlig på bibliotekets arrangementer.

  • ​​​Er du syk med luftveissymptomer kan du ikke komme.
  • Alle må bruke hånddesinfeksjon når de kommer.
  • Det må være minst en meter mellom alle som ikke er medlemmer av samme husstand, og man kan ikke bytte plass når man først har satt seg.
  • Alle som er til stede må oppgi navn og mobilnummer.

Olaug Nilssen - Klikk for stort bilde 

Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeider om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.