Ferjefolket

Foredrag med Halvor Folgerø

Ferja - eit fast innslag i kvardagen, på godt og vondt. Få ting vekker så sterke kjensler hos vestlendingen som ein god ferjediskusjon. Behalde ferja eller bygge tunnel? Kvifor går ikkje ferja når eg treng ho? Er svela god nok?

Halvor Folgerø, journalist og forfattar frå Stord, er aktuell med boka ”Ferjefolket”. Her har han samla historiene om livet på og med ferjene, frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør.  Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk på fjordar og havstrekk oppover heile Vestlandet. 

 

Kristiansund bibliotek onsdag 15. januar kl. 19

Gratis billetter

Ferjefolket - Klikk for stort bilde Tove Breistein