Kongen, lova og landet

Foredrag med Jørn Øyrehagen Sunde

Mandag 30. september kl. 19

Gratis billetter

I år er det 750 år sidan Kong Magnus Lagabøte samla heile det norske kongeriket under ei lov for første gong. Magnus Lagabøtes landslov fungerte som lov i Norge i meir enn 400 år og bidrog til å forme Norge slik vi kjenner landet vårt i dag.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie, forskar på Nasjonalbiblioteket, og den fremste eksperten på Landslova av 1274. Boka «Kongen, lova og landet» er eit formidabelt verk, der Øyrehagen Sunde skriv fram ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt orientert og jordnær på same tid.

Foredraget er ein del av Litteraturhus Møre og Romsdal, les om dette samarbeidsprosjektet, deltakarar og støttespelarar her. Jørn Øyrehagen Sundes turné i fylket er også støtta av Møre Bispedømme.

Jørn Øyrehagen Sunde - Klikk for stort bilde Hans Jørgen Brun Kongen, lova og landet omslagsbilde - Klikk for stort bilde