Mardøla 1970

Velkommen til forfattermøte/boklansering med Marit Wadsten og Svein Sæter

Kristiansund bibliotek

Tirsdag 24. oktober kl. 19

Gratis billetter

 

Mardøla-aksjonen i Eikesdalsfjella var «alle miljøaksjonars mor». Kampen for å redde den berømte Mardalsfossen var første gong sivil ulydigheit vart tatt i bruk, og endra norsk miljøpolitikk for alltid.

No har Marit Wadsten skrive «Mardøla 1970. Aksjonen som endra Norge», den aller første dokumentarboka om denne sensasjonelle aksjonen.

t Marit Wadsten i samtale med bokas redaktør Svein Sæter. Vi får sjå unike bilde frå boka, som det blir mogleg å kjøpe etter arrangementet.

Marit Wadsten og Svein Sæter - Klikk for stort bilde

Marit Wadsten er høgskulelektor ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda. Ho vaks opp i Eikesdalen og busette seg og der som vaksen. Heile livet har ho vore engasjert i "kampen for vatnet", både historia kring utbygginga av Mardalsfossen og demonstrasjonane den gongen og alle ringverknadene desse hendingane fekk for samfunn og miljø seinare, både lokalt og nasjonalt.

Svein Sæter frå Stangvik er kjend for dei fleste som ein særs allsidig forfattar, kåsør og redaktør. Han er manusforfattar for musikalen "Spelet om Mardøla" som har vore ein stor suksess dei siste åra, og redaktør for boka "Mardøla 1970. Aksjonen som endra Norge", som Wadsten har skrive.