Brynjulf Jung Tjønn - Kvit, norsk mann

Velkommen til forfattarmøte!

Kristiansund bibliotek tirsdag 14. mai kl. 19

Gratis billetter

Brynjulf Jung Tjønn blei fødd i Sør-Korea, men vart adoptert til Noreg og vaks opp som odelsgut i Sogn og Fjordane. Korleis var det for eit adoptivbarn å kome til landet vårt? Hadde ikkje alt vore betre om han var ein kvit, norsk mann? Då ville ikkje barn ropt «Ching-chong-kinamann» etter han på gata eller spurt kor han eigentleg kjem frå. I den sterke diktsamlinga «Kvit, norsk mann» skriv Brynjulf Jung Tjønn om oppveksten sin og draumen om å vere som alle andre. Denne kvelden les han frå boka, gir publikum innblikk i utanforskap, ein fragmentert identitet, norsk rasisme og deler både kloke, triste og komiske refleksjonar om livet. 

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, journalist og forlagsredaktør og har tidlegare skrive bøker for både barn, ungdom og vaksne.

 

 

Brynjulf Jung Tjønn - Klikk for stort bilde

Arrangementet er ein del av samarbeidsprosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal.