Flertall i fylkestinget for bypakke Kristiansund Med 33 mot 14 stemmer vedtok fylkestinget måndag ei bypakke for Kristiansund.Fylkestinget i Ålesund 10. juni 2024. Per-Kristian Bratteng Bypakke Kristiansund skal bidra til koordinert by- og transportutvikling i eit miljøvenleg, trafikksikkert og påliteleg transportsystem.Bypakke Kristiansund er eit tre-parts samarbeid som består av Statens vegvesen, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.Ein føresetnad for realisering av bypakken er at prosjektet blir vedtatt med likelydande vedtak i kommunen og fylkeskommunen. Bystyret i Kristiansund har 18. april i år vedtatt bypakken.Finansieringa av Bypakke Kristiansund er basert på innkreving av bompengar, fylkeskommunale midlar og statlege tilskot. Pressemelding fra Møre og Romsdal Fylkeskommune Sist endret 12.06.2024 08:35