Dei som har fullført grunnskolen har rett til vidaregåande opplæring. Retten varer fram til ein har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som tar til det året ein fyller 24 år. Fylkeskommunen har gjennom Oppfølgingstenesta (OT) også ansvar for å følgje opp ungdom mellom 15 og 24 år som ikkje er i opplæring eller i arbeid. For at Møre og Romsdal fylkeskommune skal kunne oppfylle elevane sin rett til vidaregåande opplæring og oppfølging må vi vite kven ungdommane er.
Avgangselevane frå grunnskolen blir oppretta som søkarar på vigo.no etter at grunnskolen har sendt fylkeskommunen ei elektronisk oversikt med namn og fødsels- og personnummer. Når elevane er oppretta som søkarar kan ungdomsskolane sende karakterane elektronisk til fylkeskommunen slik at eleven sjølv slepp å sende dette til fylkeskommunen.
Innlogging på vigo.no skjer via IDporten. Ungdommane kan bruke BankID eller MinID. Ungdommane må sjølv bestille dette frå sin bank eller frå Digitaliseringsdirektoratet (DigDir). Meir informasjon og lenke til bestilling av MinID for elevar ligg her:
https://samarbeid.digdir.no/id-porten/bestilling-av-minid-elevar/1561
Informasjonen som blir overført frå grunnskolen skal brukast i samband med søking til vidaregåande opplæring og av Oppfølgingstenesta (OT) dersom ungdommen ikkje søkar vidaregåande opplæring.
Elevar som ikkje ønsker at grunnskolen skal sende personopplysningar til Møre og Romsdal fylkeskommune må sjølv gi beskjed til sin skole om det. Vi gjer merksam på at elevane då sjølve må opprette seg som søkar på Vigo.no, og sjølv sørge for at karakterane blir sendt Møre og Romsdal fylkeskommune i februar og juni innan fristane for å konkurrere med karakterpoeng i inntaket i juli.
Elevar mellom 15 og 24 år som ikkje er overført til Møre og Romsdal fylkeskommune må sjølve kontakte Oppfølgingstenesta (OT) for oppfølging dersom dei ikkje søker vidaregåande opplæring eller ikkje er i arbeid.
Kva blir informasjonen som blir overført frå grunnskolen til kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune brukt til.
I november sender grunnskolen ei fil til fylkeskommunen med oversikt over alle avgangselevane som har norsk fødsels- og personnummer. Elevar med DUF-nummer i påvente av norsk fødsels- og personnummer blir ikkje overført til fylkeskommunen.
Ungdommane blir oppretta som søkarar.
I februar sender grunnskolen ei fil til fylkeskommunen med karakterar frå første halvår, samt fråvær og karakterarar i orden og åtferd. Informasjonen blir brukt til prøveinntak og dimensjonering av tilbodet i Møre og Romsdal.